Lørdag 13 April
Kl. 08:00 - 18:00, https://maps.app.goo.gl/b3ndfuHNyBuUiHvi9
SAG-LØPET
SAG-LØPET, Backyard ultra med start og mål ved Gapahuken og Badstua på Sagbrukstomta, Hjartsjå i Hjartdal. Påmelding til post@hjartdal.frivilligsentral.no Påmeldingsavgift 150,- kr.

Informasjon om Sagløpet


SAG-LØPET 13.april 2024 kl.08.00- og siste start kl.17.00

Start på Sagbrukstomta ved Gapahuken like ved Gvammen Knutepunkt og hjartsjåvegen langs Hjartdalsvegen og E 134.

Løypa går: frå Gapahuken spring du over gangbru og til høgre under E134, ta til høgre bortover og langs E 134 i grøfta innanfor gjerdet, opp gamlevegen til Sopanstad, ta til venstre på Bergslandvegen, forbi Haugeberg, nedatt til skulen, forbi Joker og tilbake til Gapahuken.

Start kl.08 på laurdag 13.april 2024. du kan gå eller løpe 5km kvar heile time opptil 10 timer. Kvar ny runde startar kvar heile time. Siste start er kl.17.00.

Ved start og mål like ved Hjartsjåvatnet og Gvammen knutepunkt er det parkering på kvar side av E 134. 

Ved start og mål vill det vere: Varm Badstu, Gapahuk med benker, bord og seng, Bål med kaffikjelen på, bademuligheter, gratis saft og salte nøtter, sal av kjøttsuppe, påsmurte rundstykke, frukt, kake og kaffi.

Premieutdeling når alle er i mål, ca kl.18.

2024 © Hjartdal frivilligsentral