VELKOMMEN TIL SAG-LØPET 2025!

Framgårdsløp med start og mål ved Fossehalli i Tuddal. Dette er eit løp om du vil gå eller løpe ein runde på 5 km. Du kan og gjennomføre ein 5 km`s runde kvar time opptil 10 timer. Ny start på runden kvar heile time. Du velger sjølv kor lenge du vil henge på. Løypa går på grusveg, litt sti, Bondalsvegen/Tuddalsvegen og asfalt/g/s veg rundt Bjårvatnet i Tuddal sentrum.

Aldersgruppe: 18 til 100 år

Start kl.08.00 laurdag 21.juni 2025. Slutt kl.18.00. 

Ved start og mål er det skiftemuligheter, sal av kaffi, suppe og kringle, bord og benker, varme i Bålpanna. Eigen mat og drikke bør du ta med. Men det vil bli gratis drikke og frukt. Det blir premiering til alle som gjennomfører 5 runder og 1.-2. og 3.premie i klasse dame og herrer over og under 35 år til dei som gjennomfører alle 10 rundene.

Påmeldingsavgift 200 kr for alle. Påmelding på e-post: post@hjartdal.frivilligsentral.no eller til Torunn 48237791. 

Påmeldingsavgift betalas på konto 2699.43.74000 eller vipps 739178 og merk med Sag-løpet. 

Arrangør: Hjartdal Frivilligsentral med gode medhjelpere

Takk til UL Fram for gratis lån av  Fossehalli!

Nettside: https://hjartdal.frivilligsentral.no og https://hjartdal.foreiningsportal.no/

2025 © Hjartdal frivilligsentral